Olje- og energiministeren til Brandbu

Adresse: Torget 2, 2760 Brandbu

Stad: Brandbu

Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades på markeringa av det store flaumsikringsprosjektet i Brandbu i Gran kommune på Hadeland.

Sentrum av Brandbu har fleire gongar vore utsett for flaum, og Noregs vassdrags- og energidirektorat har dei siste to åra hatt ansvaret for eit omfattande prosjekt for å sikre sentrum mot nye flaumar.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tore Sandnes Becker, telefon 40 49 79 16, e-post Tore-Sandnes.Becker@oed.dep.no.