Olje- og energiministeren til Tsjekkia og Danmark
Pressemelding | Dato: 04.10.2022 | Energidepartementet
Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Tsjekkia og Danmark 11.–14. oktober. I Tsjekkia skal han delta på EUs uformelle energiministermøte i Praha. I Danmark besøkjer han København og Esbjerg, med fokus på karbonfangst og -lagring og havvind.
Tysdag 11. og onsdag 12. oktober
Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på EUs uformelle energiministermøte i Praha. Statsråden skal delta i diskusjonar om hydrogen, el-marknad og vinterberedskapen i Europa.
Presse som ønskjer å dekkje besøket må akkrediterast.
Pressekontakt er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no.
Torsdag 13. og fredag 14. oktober
Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Danmark saman med ein norsk næringslivsdelegasjon. Tema for besøket er karbonfangst og -lagring og havvind. Besøket går føre seg i København og Esbjerg.
I København skal Aasland delta på lanseringa av rapporten Energy Transition Outlook 2022 og delta i ein samtale om korleis ein kan sikre raskare utvikling av havvindparkar. I Esbjerg får Aasland ei omvising på havvindhavna og han besøkjer kontrollsenteret der Vattenfall styrer alle vindturbinane sine i Europa.
Presse som ønskjer å dekkje besøket kan få tilsendt eit meir detaljert program.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stgr@oed.dep.no.