Olje- og energiministerens program på ONS 2022

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på Offshore Northern Seas (ONS) i Stavanger Forum 29. og 30. august.

Måndag 29. august
Kl. 09.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på ein pressekonferanse med Yara og Northern Lights. Statsråden er tilgjengeleg for presse rett etter pressekonferansen, om lag kl. 09.30. Stad: Clarion Hotel Energy, presserom i 2. etasje.

Kl. 09.50: Olje- og energiminister Terje Aasland har eit bilateralt møte med den tyske statssekretæren Jörg Kukies. Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Stad: Møterom Creative Center 3.

Kl. 10.10: Olje- og energiminister Terje Aasland har eit bilateralt møte med den kanadiske arbeidsministeren Seamus O’Regan. Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Stad: Møterom Creative Center 3.

Kl. 11.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på den offisielle opninga av ONS 2022. 

Kl. 13.20: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på ein offisiell lunsj i regi av Stavanger kommune.

Kl. 14.50: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på ei omvising i utstillingsområdet i Stavanger Forum.

Kl. 15.45: Statsminister Jonas Gahr Støre og olje- og energiminister Terje Aasland møter Belgias statsminister Alexander De Croo. Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Stad: Møterom Confidence.

Kl. 19.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på opningskonserten for ONS, i Stavanger konserthus.

Tysdag 30. august
Kl. 08.30: Olje- og energiminister Terje Aasland tek imot Levert-rapporten. Rapporten kartlegg aktiviteten til leverandørindustrien i Nord-Noreg og gir ei oversikt over leveransane frå nordnorsk næringsliv til petroleumssektoren. Stad: Radisson BLU Atlantic, Stavanger.

Kl. 10.00: Olje- og energiminister Terje Aasland held sin hovudtale på sesjonen «The North Sea – the new frontier of energy transition». Etter talen, om lag kl. 11.40, deler Aasland ut to innovasjonsprisar.
Stad: Konferansesal, Clarion Energy Hotell.

Kl. 12.10: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på «High School Day» i regi av ONS Young, der han møter vidaregåandeelevar frå Stavangerområdet. Stad: ONS Young Arena, Stavanger.

Kl. 13.00: Olje- og energiminister Terje Aasland møter verksemder i utstillingsområdet i Stavanger Forum.

Pressekontaktar for olje- og energiministeren er kommunikasjonssjef Arvid Samland, kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ella Ege Bye, telefon 93 26 83 50, e-post eeb@oed.dep.no.