Omgjorte vilkår for Mykstufoss kraftverk i Numedalsvassdraget
Pressemelding | Dato: 26.05.2023 | Energidepartementet
Det er i statsråd i dag fastsett omgjorte vilkår for Mykstufoss kraftverk i Numedalsvassdraget i Rollag kommune. Hovudmålet med endringane er å betre miljøtilstanden i elva frå Kjerredammen og nedover.
— Den fornybare krafta er svært verdifull og av nasjonal verdi, og det er viktig å prioritere krafttap der det gir reelle miljøforbetringar. I Mykstufoss blir det pålagt minstevassføring frå Kjerredammen for å sikre at auren får levedyktige forhold og at elvemuslingen skal kunne etablere seg igjen. Med dette vil heile den vasskraftpåverka elvestrekninga i Numedalslågen ha vilkår om minstevassføring, seier olje- og energiminister Terje Aasland.
Mykstufoss Kraftverk er eit elvekraftverk med eit inntaksmagasin som blir brukt til døgn- og vekesregulering. Kraftverket utnyttar regulert vatn frå reguleringsmagasin i Tunhovd, Pålsbu og Uvdal og produserer 289 gigawattimar (GWh) i løpet av eit år. Strekningen er populær for fiske- og friluftsinteresserte brukarar og kommunen har fremja krav om minstevassføring.
Frå Kjerredammen er det fastsett krav om minstevassføring for å sikre eit velfungerande økosystem i elva. Tiltaket er pålagt for å betre gyte- og oppvekstsvilkåra for storvokst aure og elvemusling. Vedtaket vil gi betre miljøtilstanden i elva, samtidig som tapet av verdifull, fornybar kraftproduksjon er avgrensa. Dei vedtekne endringane vil medføre eit samla årleg krafttap på 5,8 GWh.
I åra framover vil fleire regulerte vassdrag få krav om miljøforbetringar gjennom omgjering og revisjon. Pålegg om minstevassføring vil bli fastsett i dei sakene der det vil gi størst miljøgevinst. Kostnaden i form av redusert kraftproduksjon vil vere eit viktig omsyn i desse prosessane.
Lenkje til kongeleg resolusjon: Omgjøring av konsesjonsvilkår for Mykstufoss kraftverk i Rollag kommune