Militær støtte til Ukraina

Norge bidreg til donasjon av feltsjukehus og ambulansebussar

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Noreg finansierer delar av ein estisk donasjon av eit feltsjukehus til Ukraina, samt donerar fem militære ambulansebusser. Noreg vil også støtte EU Military Assistance Mission til Ukraina med om lag 150 millionar kroner.

Det kjem fram i Prop. 18 S, som blei sendt til Stortinget i dag. I denne proposisjonen foreslår regjeringa naudsynte endringar i forsvarsbudsjettet for 2022, mellom anna knytta til den tryggingspolitiske situasjonen i Europa.

- Ukraina er avhengig av støtte frå den vestlege verden, ikkje minst for å få tilstrekkeleg med våpen og materiell for å stå imot den russiske krigføringa. Noreg har støtta betydeleg og vil fortsette å bidra med donasjonar av militært materiell. Det er viktig for norsk og europeisk tryggleik at Russland ikkje vinn fram med si krigføringa i Ukraina. Ukrainske styrker kjemper en viktig kamp for demokrati og rettferd, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

Regjeringa har lagt opp til omfattande militær støtte til Ukraina med løyvingar på 3,4 mrd. kroner for 2022. Tiltaka har vore fremma gjennom revidert nasjonalbudsjett for 2022 og Prop. 142 S (2021–2022). Som omtala i den siste proposisjonen, opna regjeringa for å kome tilbake i nysalderinga av 2022-budsjettet med endringar i fordelinga av desse midla mellom kapitla og postar. I tillegg til dei løyva 3,4 mrd. kjem verdien av materiellet som allereie er donert. Samla verdi av støtta frå Noreg til Ukraina i 2022 er berekna til over 5 mrd. kroner.


Det er omdisponert midlar til nokre nye tiltak:

Feltsykehus som Estland tidligere har donert til Ukraina.
Estland har også tidlegare donert rolle II-feltsjukehus til Ukraina. Foto: Ministry of Defence, Ukraine

Tilskot til donasjon av feltsjukehus til Ukraina
Estland har i samarbeid med Tyskland tidlegare donert feltsjukehus til dei ukrainske forsvarsstyrkane.

Det estiske forsvarsdepartementet har førespurt Noreg og andre allierte om å gjere det mogleg å donere fleire feltsjukehus gjennom å finansiere naudsynt materiell og gjenanskaffing av feltsjukehusa esterane donerer. Estland gjennomfører donasjonen og gir naudsynt opplæring til dei ukrainske mottakarane. Noreg og eit anna land støtter prosjektet. Det norske tilskotet til prosjektet er på 45 mill. kroner, og utgjer om lag halvparten av midlane.

- Dei ukrainske militære styrkane har hatt stor nytte av feltsjukehusa som allereie er donert, og ukrainske styresmakter har oppmoda Estland om å donere fleire. Eg er tilfreds med at Noreg kan bidra til at eit tredje sjukehus blir donert frå Estland. Det er viktig at dei vestlege landa står saman om å få til naudsynte donasjonar til støtte for Ukraina, seier Gram.


Tilskott til EU Military Assistance Mission til Ukraina
EU har etablert ein treningsmisjon for trening av ukrainske soldatar. Formålet er å gjennomføre både grunnleggande trening og spesialisttrening av ukrainske soldatar i EU-land. Mandatet vil være fleksibelt og skalerbart for å møte ukrainske behov på i langsiktig og berekraftig måte. I første omgang tar EU sikte på å trene 15 000 personell. I dialog med EU tar regjeringa sikte på å bidra med å støtte til treningsmisjonens driftsbudsjett med om lag 150 mill. kroner.

Ambulansebussar
Det vert også omdisponert 30 mill. kroner til innkjøp av fem bussar og ombygging av desse til militære ambulansebussar. Initiativet skjer i samarbeid med nasjonale helsemyndigheiter og NATOs krisehandteringssenter EADRCC.

Ukrainske styrker har stort behov for ambulansar for å frakte krigsskadde pasientar frå fronten til sjukehus og også ut av landet. Bussane vert installert med mellom anna bårer, medisinsk utstyr til blant anna pustehjelp og overvaking av hjarte og blodtrykk. Bussane fungerer som eit rullande intensivsjukehus med fem sengeplassar.

- Desse bussane vil bidra til å redde liv. Dei er sterkt etterspurd og verdsatt frå ukrainske styresmakter, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram.

Noreg har tidlegare donert fem sivile ambulansebussar med det same konseptet.

Arbeidet med dei militære ambulansebussane vil vere eit tett samarbeid med Helsedirektoratet og Oslo universitetssykehus.

 

Omdisponeringar

I proposisjonen kjem det også fram at Noreg har donert eit ekstra M109-skyts til Ukraina i tillegg til tidligare donerte skyts.

Gjennom proposisjonen blir det omdisponert midlar for å erstatte diverse militært materiell som har vorte donert til Ukraina. Dette gjeld mellom anna midlar for å erstatte køyretøy som støttar den amerikanske donasjonen av NASAMS-luftvern.

 

Tidigare offentliggjorde saker:

Proposisjonen omtalar også saker som tidlegare har vorte offentleggjort. Se mellom anna

Tre milliardar til Ukraina: Regjeringa vil gi 3 milliardar kroner i militær støtte til Ukraina - regjeringen.no

Noreg bidreg til NATO-fond (Norge bidrar med 300 millionar kroner til NATO-ledet fond som skal støtte Ukraina - regjeringen.no)

Kjøper artilleriskytset Zuzana-2  til Ukraina (Kjøper artilleriskyts til Ukraina - regjeringen.no)

Oversikt over norsk støtte til Ukraina og nabolanda: Norsk støtte til Ukraina og nabolanda - regjeringen.no