Omsetningsavgifter for 2025
Nyheit | Dato: 19.12.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matdepartementet fastsette i dag omsetningsavgiftene for landbruksvarer for 2025. Satsane for sau/lam, svin og kylling/kalkun går ned. Dei andre satsane er uendra.
Maksimalsatsen for kjøt av storfe og kalv blir uendra på 5,00 kroner per kg. Satsen for maksimal avgift for kjøtt av sau/lam og svin blir redusert frå 3,00 kroner per kg til 2,50 kroner per kg. Dei planlagde reelle satsane som marknadsregulator nytter gjennom året vil ligge på eller lågare enn maksimalsatsane.
For egg blir satsen uendra på 0,90 kroner per kg frå 1. januar, medan omsetningsavgifta for kjøt av kylling og kalkun blir redusert med to øre til 26 øre per kg.
Satsen for omsetningsavgift for mjølk blir uendra på 12 øre per liter, og satsen for overproduksjonsavgift for ku- og geitemjølk er sett til 4,90 øre per kg.
Omsetningsavgiftene er med unntak for satsen for mjølk fastsett i tråd med tilrådingane frå Omsetningsrådet. For mjølk er satsen sett eit øre høgare enn tilrådinga frå Omsetningsrådet. Årsaka er usikkerheit knytt til totalproduksjonen av mjølk og dermed inntektene til fondet for omsetningsavgift. Fondet for omsetningsavgift må til ei kvar tid dekkje kostnadane med marknadsregulering, faglege tiltak og opplysningsverksemd. Med 12 øre i avgift er ein tryggare på at det ikkje er naudsynt med ein ekstraordinær auke midt i året.
Omsetningsavgifta er ei avgift som blir lagd på salsproduksjonen til produsentane og går inn i fondet for omsetningsavgift. Omsetningsrådet styrer bruken av fondet og set av midlar til å fremje omsetninga gjennom finansiering av marknadsregulering, faglege tiltak og opplysingsarbeid.