Omstillingsmidlar til Sør-Varanger kommune
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Pressemelding | Dato: 11.05.2016
- Konkursen i Sydvaranger gruver har skapt ein vanskeleg situasjon både for mange innbyggarar og Sør-Varanger kommune. Det er krevjande for eit lokalsamfunn å miste så mange arbeidsplassar over natta, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Regjeringa foreslår å løyve 40 millionar kroner, 20 millionar i 2016 og 20 millionar i 2017.
- Det er sjølvsagt vanskeleg for alle familiane som vert råka direkte av konkursen, men også heile lokalsamfunnet vil merke omstillinga, seier kommunal- og moderniseringsministeren.
Sydvaranger gruve var ei hjørnesteinsbedrift i kommunen med mange lokale og regionale underleverandørar av varer og tenester. Om lag 650 personer blei omfatta av konkursen. I tillegg har kommunen dei seinare åra også blitt råka av redusert handel med Russland.
- Regjeringa ønskjer vekst og verdiskapning i heile landet. Samfunnet i Sør-Varanger må omstille seg og det å skape trygge arbeidsplassar blir svært viktig i tida som kjem. Vi ønskjer å medverke til rask omstilling – og at det vert skapt nye, framtidsretta og trygge arbeidsplasser i Sør-Varanger. Eg er difor glad for å kunne medverke til at det kan skapast vekst og nye arbeidsplassar i tida framover, seier Sanner.
I tillegg til forslaget om støtte frå regjeringa, har Sør-Varanger kommune også vedtatt å løyve 20 millionar kroner.
Løyvinga skal overførast til Finnmark fylkeskommune, som får ansvaret for bruken av midlane i samarbeid med mellom anna Innovasjon Norge og kommunen.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00