Olje- og energiministeren deltek på ONS 2022
Kalenderhending | Terje Aasland
Stad: Stavanger
Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på Offshore Northern Seas (ONS) i Stavanger Forum 29. og 30. august.
Programmet for måndag 29. august ser slik ut:
Kl. 09.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på ein pressekonferanse med Yara og Northern Lights. Statsråden er tilgjengeleg for presse rett etter pressekonferansen, om lag kl. 09.30. Stad: Clarion Hotel Energy, presserom i 2. etasje.
Kl. 09.50: Olje- og energiminister Terje Aasland har eit bilateralt møte med den tyske statssekretæren Jörg Kukies. Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Stad: Møterom Creative Center 3.
Kl. 10.10: Olje- og energiminister Terje Aasland har eit bilateralt møte med den kanadiske arbeidsministeren Seamus O’Regan. Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Stad: Møterom Creative Center 3.
Kl. 11.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på den offisielle opninga av ONS 2022.
Kl. 13.20: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på ein offisiell lunsj i regi av Stavanger kommune.
Kl. 14.50: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på ei omvising i utstillingsområdet i Stavanger Forum.
Kl. 15.45: Statsminister Jonas Gahr Støre og olje- og energiminister Terje Aasland møter Belgias statsminister Alexander De Croo. Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Stad: Møterom Confidence.
Kl. 19.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på opningskonserten for ONS, i Stavanger konserthus.
Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Arvid Samland, kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ella Ege Bye, telefon 93 26 83 50, e-post eeb@oed.dep.no.