Presseinvitasjon:
Næringsministeren til Bergen
Pressemelding | Dato: 30.11.2021 | Nærings- og fiskeridepartementet
Onsdag 1. desember deltar næringsminister Jan Christian Vestre på lanseringen av eit fullskala hydrogensystem for skip i regi av Kongsberg Gruppen. I tillegg besøker han fem bergensbedrifter med stort eksportpotensial.
Les òg: Skal møte 100 bedrifter på 100 dager
–Det grøne skiftet treng norske løysingar. Norsk eksport bidrar til å gjere verda betre gjennom å spreie løysingar som fremmar berekraftig utvikling, og som hjelper verda til å nå klimamåla sine. Bedriftene eg skal møte i Bergen bidrar til akkurat dette. Eg gleder meg stort til å lytte til kva dei meiner vi må gjere for å lykkast meir - og endå raskare, seier næringsminister Jan Christian Vestre.
PROGRAM
12.30 Besøk til Kongsberg Gruppen og lansering av eit fullskala hydrogensystem for skip
Stad: Ågotnes – Påmelding direkte til Kongsberg Gruppen her
14.15 Besøk hos Bergen Carbon Solutions
Stad: Fleslandsvegen 70E, 5258 Blomsterdalen
Bedriften produserer eit nytt og sterkt byggemateriale med stort eksportpotensiale.
15.30 Besøk hos Nordic Neuro Lab
Stad: Møllendalsveien 1, 5009 Bergen
Ein global leiande produsent av avansert medisinsk utstyr til funksjonell MR med hovudkvarter i Bergen.
16.15 Besøk hos ECOsubsea
Stad: Skoltegrunnskaien 1, 5003 Bergen
Næringsministeren klipper snor og opnar ECOsubsea Remotely Operations. Bedrifta leverer miljøvennleg skrogreingjeringsløysingar i vatn til shippingindustrien. I samband med opninga blir det demonstrasjon av ein fjernstyrt skrogvaskingsoperasjon.
17.15 Besøk hos Dirtybit
Stad: Starvhusgaten 4, 5014 Bergen. Inngang frå Olav Kyrresgate (bussgaten)
Ein spillteknologi-bedrift i Bergen som vann internasjonaliseringsprisen til Bergen næringsråd i 2018 og var ein av tre finalistar til Eksportprisen i 2019.
18.00 Besøk hos StormGeo
Stad: Nordre Nøstekaien 1, 5011 Bergen
Kommersiell leverandør av vêrtenester. Marknadsleiar globalt for tenester til shipping, offshore og energisektoren.
Kontakt: Presse som ønsker å dekke reisa kan melde interessa si til media@nfd.dep.no. Politisk rådgjevar Bhanuja Rasiah følger næringsministeren på reisa og kan kontaktes på mobil 980 26 561.