Opna fjernbetjent Merkur-butikk nr. 100
Pressemelding | Dato: 06.12.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunal- og distriktsminister Erling Sande klypte snora då Feiosbui AS/Nærbutikken Feios i Vik i Sogn opna sin digitale butikk med sjølvbeteningskasse og fjernbetening. Med dette har 100 butikkar opna dei digitale dørene etter å ha fått støtte frå Merkur-programmet dei siste åra.
– Desse 100 butikkane spelar ei svært viktig rolle i små lokalsamfunn over heile Noreg. I distrikta ser vi no ei rekkje nye tiltak og teknologiar som forbetrar handleopplevinga. Det bidreg til å modernisera butikkane og gjera dei meir berekraftige økonomisk, samtidig som dei møter behovet til kundane på ein betre måte, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.
Målet for Merkur er å sikre innbyggjarane i distrikta tilgang til ein nærliggjande daglegvarebutikk med god kvalitet og med tilleggstenester som aukar omsettinga, sikrar videre drift og gir innbyggjarane i lokalsamfunnet betre tenester.
Hegna landhandel i Seljord i Telemark var den første butikken som i 2018 fekk støtte frå Merkur-programmet til denne typen digital drift. I 2019 starta eit pilotprosjekt der ytterlegare åtte butikkar skulle teste ut teknologi som gjer det mogleg å ha døgnopen butikk. Pilotprosjektet gav positive resultat, med nøgde kundar, omsetjingsauke og betre arbeidskvardag for butikkdrivarane som resultat.
Sidan 2020 har støtte til slik teknologi vore eit av dei prioriterte områda for tildeling av investeringsstøtte frå Merkur-programmet.
Gir betre omsetning
Avdelingsdirektør Steinar Fredheim i Distriktssenteret har ansvar for Merkur-programmet, og har no følgt 100 butikkar på den digitale reisa.
– I starten var mange skeptiske, fortel han. -Ville dei tilsette og den sosiale møteplassen forsvinne? Ville kundane vere komfortable med å hjelpe seg sjølve? Alle fordommane er gjort til skamme. Det viste seg fort at kundane trivst, at dei tilsette har betre tid til både kundar og alle dei andre oppgåvene, og at investeringane var lønsame. Dei fleste butikkane som har gjort dette grepet har fått tydeleg betre omsetjing.
Butikk for alle
Feiosbui er ein liten butikk som har vore gjennom ein omfattande snuoperasjon. Midlang fortel om eit brennande engasjement i bygda for butikken. Butikken får dugnadshjelp til varemottak og mykje anna. For å gjere butikken klar for utstyret som trengs for digitaliseringa, har det gått med mange dugnadstimar. Feios bygdelag er hovudaksjonær, og ein god samarbeidspartnar.
Monica Feidje Midlang er styreleiar for Feiosbui og ser fram til å gi kundane sine eit betre tilbod og bli ein meir attraktiv arbeidsplass.
– Det er dette som er framtida, og vi ser jo at dei andre som har gjort det lukkast. Vi er også ei typisk bygd der folk pendlar ut, så det kan vere vanskeleg for folk å handle når butikken stenger klokka fem.