Opnar nytt omsorgssenter i Stjørdal

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) besøker kommunane Stjørdal, Heim og Orkland tysdag 21. mars. Her vil han mellom anna opne eit nytt omsorgssenter på Fosslia i Stjørdal.

Media er velkommen til å ta del i programmet.

Program:

09.15-09.45 Statsråden møter ordføraren i Stjørdal kommune. Tema for møtet er kommunen sin verksemd og kvardag.

Stad: Rådhuset i Stjørdal.

10.00-11.00: Statsråden deltek på opninga av Fosslia omsorgssenter

Stad: Fossliåsen 20c, Stjørdal

13.00-13.45 Statsråden besøker Wacker Chemicals Norway AS, Holla, ei hjørnesteinsverksemd i Heim kommune.

Stad: Hollaveien 482, Kyrksæterøra

15.00-16.00 Statsråden besøker Orkland kommune. Her vil han høyre meir om pilotprosjektet statens hus som kommunen deltek i.

Stad: Orkland rådhus.

Pressekontakt:

Ingvild Sahl, senior kommunikasjonsrådgivar. Tlf. 958 70 541

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 222 42 500