Oppdatert program for statsministerens besøk i Porsgrunn
Pressemelding | Nr: 48/22 | Dato: 07.03.2022 | Statsministerens kontor
Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Porsgrunn tysdag 8. mars.
Kl. 10.00: Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Yara Porsgrunn for å ta første spadetak for produksjon av grøn ammoniakk. Adresse: Yara Porsgrunn, Herøya Industripark, Hydrovegen 55.
Pressekontaktar er statssekretær Siri Storstein Hytten, telefon 48 11 45 14, e-post ssh@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.
Presse som skal dekkje arrangementet, må akkreditere seg til hilde.steinfeld@yara.com, telefon 99 35 30 30 innan utgangen av måndag 7. mars.
Kl. 11.10: Statsministeren møter bedrifta Inovyn/Ineos og får mellom anna ein gjennomgang av planane for reduserte klimautslepp. Adresse: Herøya Industripark, Hydrovegen 55.
Pressekontaktar er statssekretær Siri Storstein Hytten, telefon 48 11 45 14, e-post ssh@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.
Kl. 11.55: Statsministeren møter ukrainske flyktningar ved Herøya hybelhotell. Adresse: Bekkegata 46, Porsgrunn.
Det er ikkje høve for pressa å vere med inn under besøket. Statsministeren møter pressa utanfor i etterkant, ca. klokka 12.30. Presse som ønskjer å dekke besøket, må akkreditere seg til: ibm@smk.dep.no innan klokka 10.00 tysdag 8. mars.