Oppnemner utval om fødselstal

Regjeringa har i dag oppnemnt eit utval som skal greie ut moglege årsaker til at vi får færre barn enn tidlegare, korleis det vil påverke samfunnet, og moglege tiltak for å snu utviklinga.

To barn
Foto: iStock/StockPlanets

– Noreg skal vere eit attraktivt land å få barn i. Regjeringa har no for første gong i historia oppnemnt eit fødselstalsutval for å undersøkje årsaker til at vi får færre barn, og kva det offentlege kan gjere for å leggje til rette for at foreldre får dei barna dei ønskjer, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Fødselstalet i Noreg har falt, til tross for gode velferdsordningar for familiar, og betre ordningar no enn tidlegare, også i forhold til andre land. Varig låge fødselstal vil endre samfunnet vi lever i. Forskarar både nasjonalt og internasjonalt har sett på moglege årsaker til nedgangen i fødselstala utan å finne ein klar forklaring på utviklinga.

– Regjeringa har innført gode tiltak som vil gjera kvardagen til barnefamiliar betre, som billegare barnehage og SFO, og auka barnetrygd, men vi veit mindre om kva effekt tiltaka har på fødselstala. Det kan òg vere andre samfunnsforhold som er viktige når avgjerda om å få barn blir tatt. Eg forventar at eit utval kan hjelpa oss å klarare forstå samanhengen mellom samfunnsstrukturar, politikk og fødselstal, seier Toppe.

Utvalet skal både sjå på den tradisjonelle familiepolitikken, men og på politikk som ikkje er retta direkte mot familiar, men som likevel påverkar familiane. For å få auka forståing for årsaker til låge fødselstal og verknader av eventuelle tiltak skal utvalet setje ned ei rådsgruppe beståande av hovudsakleg unge vaksne som særleg skal vareta barnefamiliar og unge sine vurderingar og perspektiv i arbeidet.

Mandat for offentleg utval om fødselstal og velferdsordningar for barnefamiliar

– Eg er svært nøgd med samansettinga av utvalet, som består av dyktige personar med kompetanse innanfor mellom anna medisin, samfunnsøkonomi, sosiologi og statsvitskap, og dessutan studentar og personar i ulike livsfasar frå ulike delar av landet. Eg har stor tru på at no vi vil få ei utgreiing av høg kvalitet og forslag som vil vere viktig i regjeringa sitt arbeid, seier Toppe.

Utvalet skal levere ein NOU vinteren 2026, med ein delleveranse innan april 2025.

Utvalet har desse medlemmene:

Leiar:

Rannveig Kaldager Hart, Oslo, førsteamanuensis ved institutt for helse og samfunn, UiO, Seniorforskar, FHI.

Medlemmer:

Sara Cools, Oslo, forskar ved Institutt for samfunnsforsking.

Heidi Tiller, Tromsø, Overlege fødselshjelp og kvinnesjukdommar og professor ved Universitet i Tromsø.

Sylo Taraku, Drammen, Rådgivar i Tankesmien Agenda og forfattar.

Vegard Fykse Skirbekk, Oslo, Professor, forskar ved Universitet i Oslo og Forskningsleiar ved Senter for Fruktbarhet og Helse.

Kristoffer Chelsom Vogt, Bergen, Instituttleiar og professor i sosiologi ved Universitetet i Bergen.

Kari Løvendahl Mogstad, Trondheim, Lege, spesialist i allmennmedisin og forfattar.

Katrine Vellesen Løken, Bergen, Professor i samfunnsøkonomi ved Noregs handelshøgskole.

Alexander Berg Erichsen, Eidskog, Rådgivar i Fagforbundet og høgskulelektor på Høgskulen i innlandet.

Eva Victoria Sparrman, Oslo, Samfunnsøkonom i NHO.

Erlend Sæther, Alstadhaug, student.

Maiken Køien Andersen, Engerdal, studenttillitsvald i Norsk studentorganisasjon.