Oppnemning av offentleg utval som skal utgreie kjernekraft som mogleg kraftkjelde i Noreg

Regjeringa har i dag oppnemnt eit utval som skal utgreie kjernekraft som mogleg kraftkjelde i Noreg. Cicero-direktør Kristin Halvorsen skal leie utvalet, som skal levere sin rapport innan 1. april 2026.

Terje Aasland og Kristin Halvorsen
Energiminister Terje Aasland og Kristin Halvorsen. Foto: Arvid Samland, Energidepartementet

– Behovet for utsleppsfrie og stabile energikjelder som kan bidra til å handtere natur- og klimakrise og imøtekomme eit aukande kraftbehov, teknologisk utvikling, samt planar om etablering av kjernekraftproduksjon frå private aktørar i samarbeid med kommunar, har bidratt til at spørsmålet om kjernekraft igjen er aktualisert. Kjernekraft er ei kompleks energikjelde som rører ved ei rekkje samfunnsområde. Det er derfor behov for å skaffe eit oppdatert og solid kunnskapsgrunnlag om kjernekraft som mogleg energikjelde i det norske kraftsystemet, seier energiminister Terje Aasland.

Målet med arbeidet er å få gjort ein brei gjennomgang og vurdering av ulike sider ved ei eventuell framtidig etablering av kjernekraft i Noreg. Mandatet for utgreiinga legg opp til ei brei vurdering av komplekse spørsmål, og utvalet er derfor sett saman av personar med ekspertise og erfaring frå ulike fagfelt.

Utvalget får følgjande medlemmer:

1.            Kristin Halvorsen, direktør, Oslo (leiar)

2.            Jørgen Bjørndalen, sjefskonsulent, Asker

3.            Monica Endregard, sjefsforskar, Lillestrøm

4.            Daniel Karlsson, sjefsingeniør, Malmø

5.            Carl Magnus Larsson, konsulent, Stockholm

6.            Astrid Liland, direktør helse, miljø og sikkerheit, Bærum

7.            Lars Petter Maltby, direktør, Arendal

8.            Linda Nøstbakken, forskingsdirektør, Bergen

9.            Sigrid Eskeland Schütz, professor, Bergen

10.          Asgeir Tomasgard, professor, Trondheim

11.          May Thorseth, professor, Trondheim

12.          Atle Valseth, divisjonsdirektør, Halden

Det skal i tillegg etablerast ei ressursgruppe med fagpersonar som kan hjelpe til og gi innspel til utvalet på viktige fagområde, og sikre involvering av sentrale fagmiljø.

Lenke: