Oppnemningar til hovudstyret i Noregs Bank
Pressemelding | Nr: 19/2024 | Dato: 03.05.2024 | Finansdepartementet
Thomas Ekeli og Ragnhild Janbu Fresvik er i statsråd i dag oppnemnde som nye medlemmer av hovudstyret i Noregs Bank, og Hans Aasnæs er gjenoppnemnd, alle for fire år.
Hovudstyret består av sentralbanksjefen, dei to visesentralbanksjefane og seks eksterne styremedlemmer. I tillegg blir to styremedlemmer valde av og blant dei tilsette i Noregs Bank til å delta i behandlinga av administrative saker.
Noregs Bank er ved sida av å vere Noregs sentralbank òg delegert oppgåvene med å forvalte Statens pensjonsfond utland og å yte tenester som statens bank.
Styringa og drifta av Noregs Bank høyrer under hovudstyret, med unntak av saker som i eller i medhald av sentralbanklova er lagt til komiteen for pengepolitikk og finansiell stabilitet. Hovudstyret skal sørgje for ei forsvarleg og effektiv organisering av banken.
Thomas Ekeli og Ragnhild Janbu Fresvik er oppnemnde som nye medlemmer av hovudstyret i Noregs Bank, og Hans Aasnæs er gjenoppnemnd, for fire år frå 16. mai 2024. Karen Helene Ulltveit-Moe og Egil Herman Sjursen går samstundes ut av hovudstyret.
– Noregs Bank er ein sentral og viktig samfunnsinstitusjon. Hans Aasnæs, Thomas Ekeli og Ragnhild Janbu Fresvik vil bidra med god og brei kompetanse til hovudstyret. Eg vil samstundes takke Karen-Helene Ulltveit-Moe og Egil Herman Sjursen for deira bidrag, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).
Frå 16. mai 2024 vil hovudstyret ha følgjande samansetjing:
Sentralbanksjef Ida Wolden Bache, Bærum
Visesentralbanksjef Pål Longva, Oslo
Visesentralbanksjef Øystein Børsum, Oslo
Sjølvstendig næringsdrivande Hans Aasnæs, Sande
Sjølvstendig næringsdrivande Thomas Ekeli, Asker
Konsernsjef Ragnhild Janbu Fresvik, Bergen
Pensjonist Arne Hyttnes, Gjøvik
Juridisk direktør Kristine Ryssdal, Oslo
Styremedlem Nina Udnes Tronstad, Inderøy
Meir om dei oppnemnde medlemmene si bakgrunn:
Hans Aasnæs er sivilagronom frå Noregs landbrukshøgskule (NMBU), har høgare avdeling frå Noregs Handelshøgskule og er autorisert finansanalytikar. Aasnæs er sjølvstendig næringsdrivande, og har vore administrerande direktør i Western Bulk ASA og hatt leiande roller i Storebrand Kapitalforvaltning og UMOE. Han har òg brei styreerfaring. Aasnæs har kompetanse i kapitalforvaltning, irekna direkteinvesteringar, samt risiko og etterleving.
Thomas Ekeli er utdanna samfunnsøkonom frå Universitetet i Oslo. Han er sjølvstendig næringsdrivande og har leia sekretariata for fleire offentlege utval. Ekeli har erfaring som sjeføkonom i Folketrygdfondet, avdelingsdirektør og investeringsdirektør i Finansdepartementet og porteføljeforvaltar i NBIM. Han har òg vore IMF sin petroleumsfondsrådgivar i Øst-Timor, sjeføkonom for Pareto Securities og internasjonal økonom for Lehman Brothers i London. Ekeli har kompetanse i kapitalforvaltning, risiko og etterleving og klimarisiko, i tillegg til internasjonal erfaring.
Ragnhild Janbu Fresvik er utdanna siviløkonom frå Noregs Handelshøgskule. Ho er konsernsjef i Eviny. Fresvik har vore investeringsdirektør i Grieg Gruppen og dagleg leiar i morselskapet Grieg Mauritas, samt konserndirektør for bedriftsmarknaden og finansdirektør/investor relations-ansvarleg i Sparebanken Vest. Hun har òg jobba i Borea og Boston Consulting Group, og har vore medlem av eit offentleg utval. Fresvik har brei leiar- og styreerfaring, i tillegg til investerings- og bankkompetanse og teknologikunnskap.