Statsbudsjettet 2025
Opprettar nasjonalt senter for yrkesfag i Molde
Pressemelding | Dato: 07.10.2024 | Kunnskapsdepartementet
For å styrke forskning og utvikling i fag- og yrkesopplæringa foreslår regjeringa å etablere eit nasjonalt senter for yrkesfag.
– Noreg treng fleire fagarbeidarar som kan løyse utfordringane vi står overfor. Då må vi ha yrkesfaglege utdanningar som er tilpassa behova i arbeidslivet, og som gir den einskilde moglegheiter. Yrkesfag er eit område i stor utvikling med rekordsøking blant unge. Då treng vi òg meir kunnskap om kva som verkar for å styrke kvaliteten, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).
Regjeringa foreslår 10 millionar kroner i 2025 til etableringa av det nasjonale senteret, som skal ligge i Molde. I etableringsåret vil 5 millionar kroner gå til å etablere drifta, og 5 millionar kroner vil gå til å setje i gang forskings- og utviklingsprosjekt.
Tett samarbeid med arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane
– Senter for yrkesfag skal vere eit nytt, nasjonalt knutepunkt som skal bidra til at innhaldet og relevansen blir styrka i utdanningane, i tett samarbeid mellom arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane. Eit slikt senter vil berre lykkast dersom vi har eit tett og godt trepartssamarbeid, seier Nordtun.
Statsråden viser til at forskinga på fag- og yrkesopplæringa i dag er mangelfull, og meiner det er til hinder for å få ut det fulle potensialet i yrkesutdanningane. Senteret skal mellom anna ha som mål å styrke samarbeidet mellom fag- og yrkesopplæringa og høgare yrkesfagleg utdanning. Partane i arbeidslivet vil vere representert i eit råd som vil gi tilrådingar om prioriteringar og oppgåver til senteret.
Senteret blir organisert som ei eining i Utdanningsdirektoratet (Udir), og lagt til Udirs lokale i Molde.
– Molde er godt eigna, fordi byen ligg i ein region med svært høg søking til yrkesfag med mange ulike bedrifter som har behov for fagarbeidarar, og har ulike miljø som kan bidra inn med kompetanse til senteret, seier Nordtun.
Senteret skal vere for alle bransjar i heile Noreg, og skal vere tydeleg orientert ut mot arbeidslivet. Det skal sørge for meir relevant kunnskap som kan bli brukt av alle aktørar innanfor fag- og yrkesopplæringa.
– Vi har høge ambisjonar for dette arbeidet, seier Nordtun.
Om senteret:
- Senteret skal drive systematisk innhenting og formidling av kunnskap og erfaringar for ein nasjonal kunnskapsbase om yrkesfag i utdanning og arbeidsliv. Senteret skal sjå på lokale, regionale og bransjevise utviklingstrekk, nasjonalt og internasjonalt, og arbeide saman med sentrale forvaltningsaktørar og partane i arbeidslivet om utvikling.
- Senteret skal kunne gjennomføre eigne forskings- og utviklingsprosjekt i samarbeid med relevante aktørar innanfor utdanning og arbeidsliv. Senteret skal fungere som ei koplingsboks for samarbeid mellom ulike miljø innanfor yrkesfaga nasjonalt og internasjonalt.
- Gjennom systematisk tilrettelegging av kunnskapar og erfaringar vil senteret bidra til å støtte opp om arbeidet på skule-, bransje- og bedrifts- og verksemdsnivå.