Opprettar samarbeidsforum for arbeidsinkludering

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet og partane i arbeidslivet opprettar eit samarbeidsforum for arbeidsinkludering. Målet er å gi fleire innpass i arbeidslivet.

– Det å ha ein jobb er viktig både for den einskilde og for samfunnet. Vi vil bruka den kompetansen og erfaringa som partane i arbeidslivet har til å auka arbeidsinkluderingen. Blant anna korleis vi legg til rette for at fleire utsette grupper kan gjennomføre fag- og yrkesopplæring, og kva arbeidsgjevarar treng av bistand ved tilsetjing av arbeidssøkjarar med oppfølgingsbehov eller helseutfordringar, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.

Samarbeidsforumet består av representantar frå åtte hovudorganisasjonar og Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD), og med deltaking frå Kunnskapsdepartementet (KD) og Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) på embetsnivå.

Forumet ligg under Arbeidsliv- og pensjonspolitisk råd (ALPR). Statssekretær Maria Schumacher Walberg i Arbeids- og inkluderingsdepartementet leiar forumet. Skipinga av samarbeidsforumet for arbeidsinkludering er ein oppfølging av IA-avtale som vart inngått i november 2022.

Desse partane er med: 
Landsorganisasjonen (LO)
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)
Kommunesektorens (KS)
Spekter
Virke
Unio
Akademikerne
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)

YS-leiar Hans-Erik Skjæggerud talar under møte i Arbeidsliv- og pensjonspolitisk råd (ALPR)
YS-leiar Hans-Erik Skjæggerud talar under møte i Arbeidsliv- og pensjonspolitisk råd (ALPR). Foto: Simen Gald / Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Den politiske leiinga i arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Fv: Statssekretær Maria Schumacher Walberg, statsråd Marte Mjøs Persen, statssekretær Tomas Norvoll og statssekretær Samra Akhtar i arbeids- og inkluderingsdepartementet. Foto: Simen Gald / Arbeids- og inkluderingsdepartementet