Oppsving i rypebestanden

Rypebestanden utviklar seg positivt, opplever Statskog. Særleg i Nord-Noreg er det eit godt år for fuglen.

Fjellrype.
Det har vore eit godt år for rypa. Eit særleg bra år har det vore i Nordland og Troms. Foto: Steinar Johansen / Statsskog

I fjor var talet på ryper så lågt at ein måtte stenga jakta fleire stader i Sør-Noreg. Men i år seier fagsjef for jakt og fiske Jo Inge Breisjøberget i Statskog at oppsvinget gjer at ein kan opna jaktområda att.

I Nordland og Troms har det vore mykje rype, og det har vore god kyllingproduksjon.

- Me har systematisk taksert rypebestanden i dei to fylka i to tiår. Talet i år er det sterkaste me har registrert heile denne perioden, seier Breisjøberget.

På Dovre er bestanden i år så liten at Statskog stenger for rypejakt.

Rypejakt i Njardarheim.
I fjor måtte ein stenga for rypejakt i visse område i Sør-Noreg. Men i år er bestanden så stor ein kan driva jakt. Stor- og orrfuglbestanden har òg auka. Foto: Trond Gunnar Skillingstad/Statskog

Han forklarar vidare at bestanden har naturlege svingningar som kjem av mellom anna naturtap, klimaendringar og andre faktorar.

- Ei stadig sikrare jaktforvalting er uansett eit viktig bidrag til ein livskraftig rypebestand i Noreg, og me skal gle oss over den auken me ser no, seier Breisjøberget.

Det er ikkje berre for rypa at pilene peikar oppover. Teljingar frå jaktområda til Statskog i Nordland og Trøndelag viser ein oppgang for storfugl og orrfugl. Breisjøberget seier at stamfuglbestanden er stor, men at kyllingproduksjonen varierer.

- Tala tyder på at me ikkje kan sleppa til jegerar i alle skogområda våre. Me må gjera nærmare analysar på kor stort jakttrykk me kan tillata i dei enkelte områda.

Haustbare viltressursar

I 2018 overtok Landbruks- og matdepartementet ansvaret for den delen av forvaltninga som gjeld haustbare viltressursar, det vil seia artar ein kan jakta på. Bakgrunnen for det var mellom anna moglegheita for å styrka næringsutviklinga basert på berekraftig bruk av utmarksressursane.

Staten eig store areal med skog og utmark – om lag ein femtedel av Fastlands-Noreg. All statseigd skog og utmark blir forvalta av Statskog, som dermed er den største grunneigaren i Noreg. 

Nokre av dei prioriterte arbeidsområda til Statskog er mellom anna å stimulera og legga til rette for berekraftig jakt, fiske og friluftsliv.