Opptakstala til høgare utdanning blir offentlege torsdag 25. juli kl. 11.00
Pressemelding | Dato: 24.07.2024 | Kunnskapsdepartementet
Kor mange søkarar får studieplass i år? Kva utdanning vil flest inn på, kor har det auka mest, og kva studium har høgast poengkrav for å kome inn?
Torsdag 25. juli kl. 11.00 blir tala for opptaket til høgare utdanning offentlege. Kunnskapsdepartementet og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) sender ut felles pressemelding, og tala blir tilgjengelege på Samordna opptak sine nettsider. Her finn de opptakstall fordelte på studium, alder, kjønn, utdanningsområde og type, lærestad og regionar.
Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel er tilgjengeleg for intervju i etterkant av publiseringa. Han er i Trondheim og kan gjere intervju der eller på telefon/digitalt.
Journalistar som ønsker intervju med statsråden, kan melde sin interesse til kommunikasjonssjef for forsking og høgare utdanning, Anders Lundell (anders.lundell@kd.dep.no, 900 49 636)
Pressekontakt i HK-dir/Samordna opptak: kommunikasjonsrådgivar Kristin Askjer Lien (kristin.lien@hkdir.no, 92646375)