Presseinvitasjon:

Ordførarmøte om ny sjukehusstruktur på Innlandet

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Torsdag 16. mars inviterer helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol til eit digitalt møte med ordførarane i Innlandet sjukehusområde og fylkesordførar i Innlandet fylkeskommune. Temaet er det pågåande arbeidet med vidareutvikling av Sjukehuset Innlandet. Pressa kan følgje møtet.

Som del av statsråden sine vurderingar i saka ønsker ho å møte ordførarar og fylkesordføraren i sjukehusområdet for å høyre deira synspunkt.

Tid: Torsdag 16. mars kl. 13.00–15.00.

Møtet vil vere digitalt. Vi ber om at redaksjonar som ønsker å følge møtet sender påmelding til morten-andre.svendsberget@hod.dep.no med iver.kleiven@hod.dep.no i kopi innan 14. mars. Oppkoblingsinformasjon vil bli sendt ut på e-post i forkant av møtet.

Journalistar vil få høve til å stille spørsmål til statsråden i etterkant av møtet. Av omsyn til tida vil det ikkje vere høve til å rette spørsmål til ordførarane i dette møtet.

Vi ber om at journalistar som ønsker å stille spørsmål teiknar seg i forkant på e-post eller telefon til Iver Kleiven. 

 

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.