Presseinvitasjon:

Møte om Oslofjorden

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen mottek to nye rapportar om Oslofjorden under møtet i Oslofjordrådet måndag 20. januar.

Nett-tv Møte om Oslofjorden

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Korleis står det til med livet i Oslofjorden, og kva er status for tiltaka i Oslofjordplanen? Dette er tema for Oslofjordrådet sitt møte neste veke.

Oslofjordrådet blei oppretta i 2021. Rådet består av eit utval av ordførarar, fylkesordførarar, samt representantar frå statsforvaltarar, Oslofjordens friluftsråd, Norges Fiskarlag og Norges Bondelag.

Det er klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen som leier rådsmøtet måndag. To rapportar blir lagt fram under møtet.

Miljødirektoratet skal kvart år rapportere på status for framdrift av tiltaka i Oslofjordplanen. Direktoratet legg måndag fram ein ny statusrapport om framdrifta i arbeidet. Rapporten omhandlar status innan alle områda som omfattast av planen, til dømes avløp, jordbruk, fiskeri, marin forsøpling, restaurering og friluftsliv.

I tillegg skal NIVA presentere ein ny tilstandsrapport om livet i fjorden. Rapporten gir ein oversikt over tilstanden i dag og utviklinga i Oslofjorden.

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss, statssekretær Wenche Westberg i Landbruks- og matdepartementet og statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet Kristina Hansen vil også delta på møtet.

Når: Måndag 20. januar, 10.00-12.00.

Kor: Marmorhallen, Klima- og miljødepartementet, Kongensgate 20, Oslo.

Påmelding: presse@kld.dep.no

NB: Hugs gyldig legitimasjon (ID-kort, pass eller fysisk førarkort)

Arrangementet blir filma av Digitaliseringsorganisasjonen til departementa(DIO) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DIO distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DIO kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dio-videoproduksjon@dio.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.