Ostelandet Norge
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 24.09.2021
I dag blir den nye nettstaden Ostelandet Norge (ostelandet.no) lansert.
Denne nettstaden skal gje ein mest mogleg samla oversikt over norske osteprodusentar og produkta dei tilbyr og kor du kan få tak i desse. Det er eit eige Norgeskart som syner kor ysteria ligg og kor du kan finne gardsutsal og butikkar med særskilt godt utval av norske ostar. Nettstaden inneheld mykje fagstoff om ost. Her kan du lese om ulike typar ost, historie, ostesmaking. Det er tips om lagring og servering av ost.
Nettstaden er utvikla av Hanen i nært samarbeid med Norsk Gardsost, og med støtte frå Innovasjon Norge. Dagens lansering er på Winther Ysteri i Oslo kl. 11.00.
350 ulike ostar
Det er kanskje litt ukjend for mange, men Noreg er eit land med rike ostetradisjonar og ei blomstrande ostenæring. Mange trur at dei må til utlandet for å smake på spanande, lokale ostetypar. Dei kjenner mindre til ostetradisjonane og ostetilbodet vi har her i vårt eige land. I mange år levde desse nok litt i skuggen bak Norvegia, Jarlsberg og Gudbrandsdalsosten. Men i løpet av dei par siste 10-åra har ostemangfaldet vårt blitt løfta meir fram og vidareutvikla. Det er etablert nye ysteri over heile landet. Nå er det over 80 ysteri som lagar 350 ulike slag ostar. Alle desse blir nå samla på Ostelandet.no.