Over 5 millionar for å inkludere personar med nedsett funksjonsevne
Pressemelding | Nr: 46/23 | Dato: 21.08.2023 | Kultur- og likestillingsdepartementet
– Alle skal få oppleve idrettsglede. Det skal ikkje nedsett funksjonsevne vera til hinder for. Difor gir vi no tilskot til arrangement som sikrar at endå fleire får høve til å delta i idretten, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Til saman 5 165 000 kroner blir fordelt slik at fleire personar med funksjonsnedsetjingar kan delta på arrangement for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv.
– Desse arrangementa aukar mangfaldet i idretten i Noreg. Eg er sikker på at vi får sjå store prestasjonar av fantastiske utøvarar og mykje glede, båe på toppnivå og på breddenivå, seier Jaffery.
Arrangement som får tilskot:
- Nordisk Meisterskap i Parasegling i Oslo 7.-10. september 2023 - 390 000 kroner
- Nordisk Meisterskap i ParaFriidrett i Lillestrøm 19.-20. august 2023 - 325 000 kroner
- TelemarksVeka Para på Notodden, i Bø og Skien 19.-23. juni 2024 - 750 000 kroner
- Stjerneserien for alle i Troms og Hålogaland fotballkrets høsten 2023 til våren 2024 – 200 000 kroner
- Superlekene i Rogaland, Møre og Romsdal, Vestland og Agder i 2024 - 400 000 kroner
- Spenningskurset på Bjorli mars 2024 - 200 000 kroner
- Norwegian Paragolf Open august 2024 - 100 000 kroner
- Landsstemne i symjing for utviklingshemma i Trondheim 9.-10. mars 2024 - 300 000 kroner
- Ridderrennet på Beitostølen 10.-17. mars 2024 - 2 500 000 kroner