Overlevering av den første delrapporten frå Baneheia-utvalet
Nyheit | Dato: 16.12.2024 | Justis- og beredskapsdepartementet
Justis- og beredskapsminister Emilie Mehl vil fredag 20. desember kl. 10.45 få første delrapport frå Baneheia-utvalet.
Overlevering av den første delrapporten frå Baneheia-utvalet
Sjå sendinga her
Det tok nesten 21 år frå Viggo Kristiansen vart feilaktig dømt til han vart frifunnen. Baneheia-utvalet vart utnemnt av regjeringa 10. februar 2023 for å granske alle sider av Baneheia-saka mot Viggo Kristiansen frå det tidspunktet politiet starta etterforsking til Borgarting lagmannsrett avsa frifinnande dom 15. desember 2022, samt å gjennomgå arbeidet i Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker.
Utvalet skulle opphavleg levere heile utgreiinga innan utgangen av 2024, men for å vareta viktige rettstryggingsprinsipp og omsynet til domstolane sitt sjølvstende er det bestemt at utgreiinga frå utvalet blir delt i to delar, ettersom straffesaka mot Jan Helge Andersen ikkje er rettskraftig avgjort.
Den første delrapporten frå utvalet vil derfor innehalde gjennomgangen av Gjenopptakingskommisjonen sitt arbeid, mellom anna i tråd med representantforslag 30 S (2022–2023) som foreslår at regjeringa set ned eit utval som skal gå gjennom oppbygginga og strukturen til Gjenopptakingskommisjonen, og koma med forslag til korleis kommisjonen kan oppfylle føresetnadane om å skape tillit til behandlinga av gjenopningskrav og ta gode avgjersler i spørsmål om gjenopning.
Tid: Fredag 20. desember kl. 10.45
Registrering: Frå kl. 10.15. Hugs pressekort og gyldig ID.
Stad: Regjeringas representasjonsbustad, Riddervoldsgate 2
Påmelding: Påmelding innan kl. 15.00 torsdag 19. desember.
Pressekontakt for justis- og beredskapsministeren: seniorrådgivar Merete Romestrand, tlf. 47 62 13 62, merete.romestrand@jd.dep.no