Forskings- og høgare utdanningsministerens tale på overleveringa av NOU om kompetansereform

Statsråden heldt tale etter at utvalsleiar Dag Terje Andersen hadde lagt fram tilrådingane til utvalet og overlevert utredninga.

Tusen takk, Dag Terje Andersen, for eit veldig godt stykke arbeid og for ein særs interessant presentasjon.

Tusen takk til heile utvalet og til sekretariatet for dykkar innsats, og for at de har bidrege til ny kunnskap på eit utroleg viktig felt.

Sidan denne regjeringa tiltredde i 2021, er det éin ting som har blitt klarare og klarare. Det er at kompetansemangel er ein av de største samfunnsutfordringane vi står overfor.

Difor har vi også hatt denne utfordringa heilt øvst på vår prioriteringslista. Og vi har fått stadig ny kunnskap som understrekar at denne prioriteringa er heilt rett.

Våren 2023 la regjeringa fram utsynsmeldinga. Der ga vi ein tydeleg retning for høgare utdanning og kompetansepolitikken i Noreg. Regjeringa sa:

  • Vi må sikre at Norge har den kompetansen vi trenger for å møte framtidas utfordringar.
  • Vi må nå flest mogleg med utdanning og kunnskap, uavhengig av kor dei bur, bakgrunn og økonomi.
  • Vi må prioritere tydelegare, bruke mindre ressursar på unødig byråkrati og legge til rette for læring gjennom heile livet, i alle slags livsfasar og i heile landet.

For å nå alle, er læring i arbeidslivet ein nøkkel.

Difor har bransjeprogramma vært eit viktig satsingsområde for regjeringa. Med årets budsjett har vi styrka dei med 15 millionar for å vidareføre bransjeprogram for industri- og byggenæringa.

I tillegg har vi oppretta to nye bransjeprogram: eitt for solkraftbransjen og eitt for helse- og omsorgssektoren.

Eg merker meg at utvalet også legg stor vekt på bransjeprogramma. Eg gler meg til å sette meg grundigare inn i forslaga knytt til styrking av bransjeprogramma.

Fagskulane er heilt sentrale for å sikre den kompetansen arbeidslivet treng. Dei spiller ein nøkkelrolle for å gi folk i heile Noreg moglegheit til kompetanseutvikling.

Regjeringa har satsa stort på fagskulane – den høgare yrkesfaglege utdanninga. Vi har finansiert 2 000 nye studieplassar til fagskulane sidan vi tiltredde, inkludert midlar til 1 000 nye studieplassar i 2025-budsjettet.

No skal eg snart legge fram ein egen stortingsmelding om fagskulane – den høgare yrkesfaglege utdanninga. Vi skal gi ei tydeleg retning for videre satsing og utbygging av utdanningar som er viktige i heile Noreg.

For å nå fleire, er fleksible og desentraliserte utdanningar ein nøkkel. I 2024 auka vi rammeløyvinga til universiteta og høgskulane med heile 200 millionar kroner for å styrke det fleksible og desentraliserte studietilbodet. I år fortsette vi satsinga, med ein auke i rammeløyvinga på 120 nye millionar kroner til dette.

Kjære alle saman: I heile Noregs historie har vi utvikla samfunnet vårt på kunnskap og kompetanse.

Vi lev no i ein tid der den teknologisk utviklinga går svært raskt, samstundes som velferdsstatens blir stilt på store utfordringar, med fleire eldre og auka behov for helsetenester.

For å sikre verdiskaping og velferd i heile landet, er vi heilt avhengige av læring i heile arbeidslivet, i heile livet og i heile landet.

Utgreiinga som vi har motteke i dag, vil gi oss viktig kunnskap og retning for dette arbeidet. Vi kjem til å sende den ut på open høyring. Livslang læring i arbeidslivet er viktig for store deler av det norske samfunnet. Denne rapporten bør lesast og diskuterast av mange. Vi ønsker å få innspel og tilbakemeldingar frå flest mogleg relevante aktørar, for å få eit best mogleg kunnskapsgrunnlag for arbeidet framover.

Takk igjen, til Dag Terje Andersen og kompetansereformutvalet. Eg vil oppmode alle til å lese og meine om utgreiinga. Eg ser fram til ein viktig og open debatt.

Takk for meg!