Presseinvitasjon

Overrekking av delrapport frå granskingsutvalet for utanlandsadopsjonar

Onsdag 22. januar mottek barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) delrapport frå utvalet som granskar utanlandsadopsjonar.

Nett-tv Overrekking av delrapport frå granskingsutvalet for utanlandsadopsjonar

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Granskingsutvalet blei oppnemnd av regjeringa Støre 20. juni 2023, og skal greie ut om norske styresmakter har hatt god nok kontroll med utanlandsadopsjonar, og om det har vore ulovlege eller uetiske forhold i samband med utanlandsadopsjonar til Noreg. Utvalet skal no levere ein delrapport som mellom anna inneheld førebelse utgreiingar om adopsjonar frå Colombia og Ecuador. Utvalet skal levere sin endelege rapport i desember 2025.

Sjå utvalet sitt mandat.

Utvalsleiar Camilla Bernt, professor i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen, vil presentere delrapporten.

Etter framlegginga er det høve for intervju med barne- og familieministeren og utvalsleiaren.

Tid: Onsdag 22. januar kl. 10.00–11.00. Registrering frå kl. 09.30. Hugs pressekort og gyldig ID.

Stad: Auditoriet i R5, Akersgata 59.

Påmelding: Presse som ønske å dekke møtet kan melde seg på innan kl. 12.00 tysdag 21. januar til media@bfd.dep.no.

Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida.

Ved spørsmål frå pressa kontakt kommunikasjonsrådgjevar Amalie Knudsen på e-post: Amalie-fosse.knudsen@bfd.dep.no eller telefonnummer: +47 926 66 262.