Presseinvitasjon:

Overrekking av rapport om pasientskadeordninga

Torsdag 22. august mottar helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre rapporten frå ekspertgruppa som har evaluert pasientskadeordninga.

Nett-tv Overrekking av rapport om pasientskadeordninga

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Ekspertgruppa blei nedsett 31. januar i år. I mandatet blei ekspertgruppa bedt om å evaluere rutinar for saksbehandling, og kome med anbefalingar om korleis den kan bli betre. 

Ekspertgruppa skulle også greie ut dei økonomiske og administrative konsekvensane av forslaga sine, inkludert korleis dei føreslåtte tiltaka eventuelt vil verke på saksbehandlingstida. 

Når: Torsdag 22. august kl. 12.00
Hvor: R6, presserommet i 1. etg, Teatergata 9, Oslo

Pressa er velkomen til å delta. Journalistar som ønsker å delta må melde seg på til kommunikasjonsrådgjevar Elisabeth Johansen.

Strauming

Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS), og du kan sjå sendinga direkte på regjeringa.no. Der kan du også laste ned videofila i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende arrangementet direkte. Kontaktperson for dette kan du nå på telefon 22 24 88 45 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no. Presse som ønsker å bygge inn nett-tv-sendinga på nettstadene sine finn embed-kode ved å trykke på «Del video»-knappen i videospelaren på sida.