Overskot frå Norsk Tipping til frivillig beredskapsarbeid
Nyhet | Dato: 27.06.2023 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Dette er frivillige organisasjonar som er sentrale i den nasjonale beredskapen. Kvar dag bidreg dei i redningsaksjonar, leiteaksjonar og andre oppdrag over heile landet. Ofte leiter den frivillige beredskapen etter folk i livskrise, eldre og barn. Organisasjonane kjenner lokalmiljøa godt og kan raskt hjelpe til når situasjonar oppstår.
Redningsselskapet, Røde Kors og Norsk Folkehjelp mottar totalt 518,3 millionar kroner til frivillig nasjonal beredskap frå Norsk Tipping sitt overskot frå 2022. Dette er ei auke på 22,8 millionar kroner samanlikna med fjoråret.
Frå og med tildelingsåret 2018 blei fordelinga av Norsk Tipping sitt speleoverskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar endra. Ordninga skal bidra til å sikre viktige samfunnsoppgåver som store landsdekkande organisasjonar utfører innafor helse, sosiale tenester, krisehjelp og stønadsarbeid pluss natur-, miljø- og dyrevern.
Ordninga skal òg sikre at sentrale rednings- og beredskapsoppgåver vidareførast. Derfor har Stortinget bestemt at Røde Kors, Redningsselskapet og Norsk Folkehjelp skal sikrast ein årleg fast andel av midlane. Andre organisasjonar må søke. Søknadsfristen er 1. september.
Tildeling fordelt på organisasjonane:
Mottakar |
Tildelast 2023 (overskot 2022) |
|
|
Norges Røde Kors |
306 171 743 |
Redningsselskapet |
188 935 095 |
Norsk Folkehjelp |
23 253 550 |
Totalt |
518 360 388 |