Pascale Baudonnel får fransk landbruksorden
Nyheit | Dato: 26.09.2023 | Landbruks- og matdepartementet
Bonde og osteprodusent Pascale Baudonnel som er busatt i Underdal er tildelt «Ordre du Mérite agricole», den franske fortenesteordenen for landbruket. Hennar engasjement for å framme kunnskap og tradisjon om ysting har vore avgjerande for utviklinga av osteproduksjon i Vestland og i heile Noreg.
Ordenen ble delt ut på den franske ambassaden i Oslo, og blir tildelte personar som har ytt framståande tenester til landbruket i eller utanfor Frankrike.
– Pascal Baudonnel har med stor innsatsvilje og kunnskap vore ein pådrivar for den norske osteutviklinga. Ho har kursa ystarar over mange år, og har vist ostenæringa nye metodar å laga oste på samstundes som ho held på dei gamle ostetradisjonane våre, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.
Pascale Baudonnel har tidlegare motteke fleire andre utmerkingar for innsatsen sin, mellom anna Seterprisen i 2005 og Ingrid Espelid Hovigs Matkulturpris i 2006.