Vil lovfeste pensjonsopptening frå første krone
Pressemelding | Dato: 26.05.2023 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Regjeringa vil fjerne minstegrensa på 20 prosent stilling for å vere medlem i Statens pensjonskasse. Det betyr at om lag 25 000 personar tilsette i små stillingsbrøkar får opptent rett til alderspensjon hos arbeidsgivaren sin.
– Endringa vil bety særleg mykje for unge, studentar og kvinner, som oftare har små stillingsbrøkar. Eg meiner det er naturleg og på tide at det blir pensjonsopptening frå første krone og første dag også i lovfesta offentleg tenestepensjon, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.
Endringane vil truleg omfatte om lag 25 000 personar. 20 000 av desse har jobba i stillingar som er mindre enn 20 prosent, for det meste i statleg verksemd, høgskule, universitet, grunnskule og vidaregåande skule. I tillegg er det om lag 2 000 i apoteka og 2 000 sjukepleiarar.
Medlemskriteria for lovfesta offentleg tenestepensjon blir med dette harmoniserte med gjeldsande reglar for privat og kommunal tenestepensjon.
Regjeringa foreslår at:
- Minstegrensa på 20 prosent av full stilling for rett til medlemskap i Statens pensjonskasse, pensjonsordning for sjukepleiarar og pensjonsordning for apotekverksemd osb. blir oppheva.
- Minstegrensa på 20 prosent av eit heiltidsoppdrag for rett til medlemskap blir oppheva i pensjonsordning for oppdragstakar i statleg beredskapsheim eller spesialiserte fosterheimar Føresegna om at ein oppdragstakar som utfører anna arbeid, som svarer til 20 prosent eller meir av ei heiltidsstilling, mistar retten til medlemskap blir også oppheva
- Endringa kan tre i kraft frå 1. januar 2024.