Noreg sluttar seg til kjernegruppa for straffeforfølging av dei ansvarlege for den russiske aggresjonen mot Ukraina
Pressemelding | Dato: 10.02.2023 | Utanriksdepartementet
Ukraina har etablert ei kjernegruppe av land som skal drøfte om det er mogleg å straffeforfølgje dei ansvarlege for den russiske aggresjonen mot Ukraina. Gruppa er open for alle som ønskjer å arbeide for ansvarleggjering av dei som står bak dei russiske aggresjonshandlingane mot Ukraina.
Noreg bestemde seg 30. januar i år til å takke ja til den ukrainske oppmodinga om å slutte seg til gruppa. I kjernegruppa ønskjer Noreg å bidra for å sikre brei tverregional oppslutning om ei løysing som gir mest mogleg rettferd for offera etter den russiske aggresjonen, samstundes som ein ikkje undergrev Den internasjonale straffedomstolen (ICC) si etterforsking av mellom anna krigsbrotsverk.
Ansvarleggjering er grunnleggjande for å sikre rettferd for offera og for å motverke brot i framtida. Det finst fleire spor som søkjer å stille dei ansvarlege for krigen i Ukraina til ansvar. Noreg skal til dømes intervenere i dei sakene Ukraina har reist mot Russland for Den internasjonale domstolen for brot på folkemordskonvensjonen og for Den europeiske menneskerettsdomstolen for brot på den europeiske menneskerettskonvensjonen.
I mars i fjor deltok Noreg på ei felles tilvising av situasjonen i Ukraina til ICC. Dette gjorde at hovudpåklagaren raskt kunne setje i gang etterforsking av mellom anna krigsbrotsverk gjort i Ukraina. Domstolen har i dette høvet myndigheit til å straffeforfølgje dei som er ansvarlege for krigsbrotverk, brotsverk mot menneskeslekta og mogleg folkemord.