Skogen spelar ei viktig rolle i klimaarbeidet
Nyheit | Dato: 07.11.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matminister Geir Pollestad har besøkt Det norske skogfrøverk på Hamar.
Som eit viktig ledd i klimaarbeidet, blir skogstrea våre utvikla med eigenskapar som skal gjera skogen betre rusta til å møta klimaendringane. No ser me store framsteg for både karbonfangst og klimatilpassing hjå skogstre.
– Dei neste åra må me planta meir tre, av omsyn til klima og verdiskaping. Skogfrøverket gjer ein viktig jobb med å sikra at me i framtida òg har robust og livskraftig skog som veks godt. Det er imponerande å sjå korleis det langsiktige arbeidet med å vidareforedla skogtre gjer resultat, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.
Pollestad har vore på besøk hjå Det norske skogfrøverk som i over 125 år har hatt ein sentral plass i norsk frøforsyning.
Sidan år 2000 er det etablert stadig fleire frøplantasjar med testa foreldre (såkalla 1.5 generasjon) og andregenerasjonsforeldre. Det er venta at desse skal gje ein produksjonsauke og auke i CO2-opptak på meir enn 20 prosent.
– Skogen er viktig i det grøne skiftet og kjem til å få ei sentral rolle i åra som kjem. Han skal forsyna oss med fornybart råstoff som kan erstatta fossilt brensel, men òg fordi han skal bidra til å ta opp og binda store mengder CO2, seier Pollestad.
Skogstrea skal òg gje tømmer av god kvalitet. Foredlingsarbeidet er det Skogfrøverket som har regien på. Dei får økonomiske tilskot av Landbruks- og matdepartementet for arbeidet dei gjer.
– Når skogtrea veks betre, tek dei opp meir CO2 . Det er eit viktig bidrag i klimaarbeidet. Eg vil gje honnør til dei som bidreg i dette viktige arbeidet.
Kvart år blir det planta mellom 40 og 50 millionar skogplanter i norske skogar. Plantene skal etablera ny skog der ein høgg for å forsyna industrien med fornybart råstoff, som i tur blir til byggematerial, papir, emballasje og ei rekke andre produkt som samfunnet treng.
Stiftelsen Det norske Skogfrøverk er ein ideell organisasjon som har som føremål å sørgja for ei landsdekkande skogfrøforsyning av god kvalitet.
Stiftinga skal òg rådføra om frø- og planteforedling. I tillegg har Skogfrøverket ansvaret for oppbygging, drift og forvalting av skogfrøplantasjar i heile landet. Skogfrøverket ligg på Hamar og er leidd av eit styre på 7 representantar utnemnde av Landbruks- og matdepartementet, Det norske Skogselskap, Norskog, Norges Skogeierforbund, Fagrådet for norske skogplanteskoler og dei tilsette.