Presisering om import av russisk jern og stål
Pressemelding | Dato: 17.10.2023 | Utanriksdepartementet
Utanriksdepartementet har i dag vedteke ei presisering av forbodet mot kjøp og import av jern- og stålprodukt i sanksjonane mot Russland.
Forskrifta er endra for å presisere at kjøp av sanksjonerte jern- og stålprodukt innanfor Noreg er tillate.
Utanriksdepartementet har óg presisert at forbodet mot kjøp og import av sanksjonerte jern- og stålprodukt ikkje gjeld kjøp og import frå EU til Noreg. I EU kan produkt som er innført før dei ble sanksjonert, eller i overgangsperiodar, fritt sirkulere på EU sin marknad. Sidan Noreg ikkje er del av tollunion i EU, kan me ikkje leggje same forståing til grunn. Etter endringa i dag kan jern- og stålprodukt som fritt kan omsetjast mellom EU-landa, også bli kjøpt eller importert til Noreg. Ved import frå EU, er det heller ikkje nødvendig å dokumentere opphavet for jern- og stålinnsatsfaktorar brukt i omarbeiding av produktet i eit tredjeland. Endringa vil harmonisera praktiseringa av importføresegna med EU.
Endringa i «forskrift om restriktive tiltak vedrørende handlinger som undergraver eller truer Ukrainas territorielle integritet, suverenitet, uavhengighet og stabilitet» (§ 17e) gjeld frå og med i dag.
Lovtekster og meir informasjon
Forskriftsendringa trer i kraft straks og vert publisert på lovdata.no.
For meir informasjon om forbodet mot import av russiske jern- og stålprodukt, sjå rettleiar for næringslivet kapittel 13.