Presseakkreditering til WTO sin 13. ministerkonferanse
Nyheit | Dato: 07.02.2024 | Utanriksdepartementet
Verdshandelsorganisasjonen (WTO) sin 13. ministerkonferanse blir arrangert i Abu Dhabi frå 26.–29. februar 2024. Presse som ønskjer akkreditering, må registrere seg innan 9. februar.
Ministerkonferansen (MC13) er det øvste avgjerdsorganet i Verdshandelsorganisasjonen.
Informasjon om norsk delegasjon og deltaking vil bli send ut i ein eigen presseinformasjon nærmare konferansen.
Pressekontakt: Siri R. Svendsen, mobil 976 87 801, e-post siri.svendsen@mfa.no.