Presseinformasjon:
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 16
Pressemelding | Dato: 14.04.2023 | Utenriksdepartementet
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 16, 2023.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.
Utanriksminister Anniken Huitfeldt
Onsdag 19. april
Utanriksminister Anniken Huitfeldt er på gjesting i Sør-Afrika.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Fredag 21. april
Klokka 09.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek på eit møte i Stortingets europautval. Stad: Stortinget, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim
Måndag 17. april
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på regjeringa sin havkonferanse i Bergen i høve «One Ocean Week». Stad: Bergen.
Pressekontakt: Ane Jørem 977 96 246.
Torsdag 20. april – fredag 21. april
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim er til stades ved opninga av ein vaksinefabrikk i Cape Town, Sør-Afrika. Ho vitjar mellom anna òg eit sol- og batteriverk og rosin-produsentar. Stad: Cape Town, Sør-Afrika
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Eivind Vad Petersson
Måndag 17. april
Kl. 10:00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med Youth Atlantic Treaty Association (Yata) Oslo. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 13.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med to representantar frå sivilsamfunnet i Georgia, Dr. Eka Metreveli, og Ucha Nanuashvili. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Tysdag 18. april
Kl. 12.30: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med Stortingets arktiske delegasjon for å orientere om det norske leiarskapet i Arktisk råd. Stad: Stortinget, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 14.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på eit arrangement i høve 25-årsmarkeringa av Belfastavtalen. Stad: Residensen til den britiske ambassadøren.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Onsdag 19. april
Kl. 09.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson held innlegg på eit møte om atomtryggleik i Ukraina. Stad: Holmenkollen Park Hotell.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Torsdag 20. April
Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på konferansen «High North Dialogue» i regi av Nord universitetet. Stad: Radisson Blu, Bodø.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Fredag 21. april
Statssekretær Eivind Vad Petersson vitjar København, og møter departementssjef i det danske Utanriksdepartementet, Jeppe Tranholm-Mikkelsen, og tidlegare NATO-ambassadør, Michael Zilmer-Johns.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Erling Rimestad
Måndag 17. april
Kl. 10.00: Statssekretær Erling Rimestad deltek på opninga av eit seminar om EØS-middelsamarbeidet mellom Portugal og Noreg. Temaet er hav og miljø. Stad: Bergen.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Bjørg Sandkjær
Måndag 17. april – tysdag 18. april
Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på vårmøtet til Verdsbanken i Washington, D.C. Stad: Washington, D.C, USA.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Onsdag 19. april – torsdag 20. april
Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek i møter om Finansiering for utvikling i New York. Stad: New York, USA
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Fredag 21. april
Kl. 14.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær er til stades under ein lunsj for den norske delegasjonen til Sameinte Nasjonar (SN) sin kvinnekommisjon (CSW). Vertskap er kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen. Stad: Regjeringa sin representasjonsbustad i Parkveien 45.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02