Presseinvitasjon: Bankett for Kavliprisvinnarane

H.M. Kong Harald overrekker tysdag 3. september Kavliprisen i Oslo Konserthus til åtte vinnarar innan astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. Same kvelden held Regjeringa ein bankett i Oslo rådhus til ære for prisvinnarane for 2024. Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel er vertskap.

Regjeringsbankett:

  • Tid: Tysdag 3. september kl. 19
  • Stad: Oslo rådhus

Gjestane kjem til banketten frå kl. 17.50-18:40. Det blir høve til foto av prisvinnarar ca. kl. 18.40 ved inngangen. H.M. Kong Harald kjem kl. 19.  Det blir òg høve til å ta bilete under prosesjonen og under ordføraren og forskings- og høgare utdanningsministeren sine talar.

Vi ber elles pressa bruke foto frå banketten, som blir lagde ut til fri bruk, mot kreditering av fotograf: https://mediebank.ntb.no/p/nb/det-norske-videnskaps-akademi/album/apW9xQRiKDph9Yb  

Påmelding for presse/fotografar til Oslo rådhus i samband med Kavliprisbanketten: Kommunikasjonsrådgivar Johanne Severinsen (johanne.severinsen@kd.dep.no, 911 14 868) innan kl. 14 tysdag 3. september. Pent antrekk. Hugs gyldig legitimasjon med bilete (pass/nasjonalt id-kort/førarkort).