Presseinvitasjon: Barne- og familieministeren kallar inn barneverninstitusjonar til rusmøte
Nyheit | Dato: 29.04.2024 | Barne- og familiedepartementet
Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) kallar inn barnevernsinsitusjonar til rusmøte.
Tid: Tysdag 7. mai kl. 09.00 – 12.00
Stad: Thon hotel Slottsparken (Wergelandsveien 5, 0167 Oslo)
Rusmiddelbruk er ei stor utfordring i barneverninstitusjonar. Regjeringa sette i 2022 ned Barnevernsinstitusjonsutvalet, leia av Erik Stene. Utvalet fekk i mandat å mellom anna vurdere tiltak som kan førebyggje utvikling av rusmiddelbruk blant barn i barnevernsinstitusjonar, og på kva måte rusproblematikk og behov for rusbehandling av barn og unge skal varetakast.
Utvalet la fram sin rapport i oktober 2023 (NOU 2023:24 Med barnet hele vegen, Barneverninstitusjonar som har barnas tillit). Utvalet fremma fleire tiltak som gjaldt rusproblematikk i barnevernet, mellom anna å styrkje ruskompetansen i barnevernet og overføre spesialisert rusbehandling til helsesektoren. Regjeringa arbeider no med oppfølging av rapporten. NRK Brennpunkts Instukids har også vist alvoret og risikoen i situasjonen.
No kallar barne- og familieministeren inn barnevernsinstitusjonseigarar og brukarorganisasjonar til møte i departementet om tiltak som på kort sikt kan redusere problema med rus på barneverninstitusjon. Tilsette sine organisasjonar er òg invitert.
Presse som ønskjer å dekke møtet kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar Sunniva Christophersen Haugen på e-post: Sunniva.Haugen@bfd.dep.no, eller telefonnummer: +47 932 95 637.
Hugs pressekort og gyldig ID.