Presseinvitasjon: Barnevernsutvalet legg fram si utgreiing

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Måndag 20. mars mottek barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) rapporten og tilrådingane frå Barnevernsutvalet.

Nett-tv Barnevernsutvalet legg fram si utgreiing

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Les rapporten til Barnevernsutvalet: NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid

Barnevernsutvalet blei oppnemnd av regjeringa Solberg i mars 2021, og fekk justert mandat og to nye medlemmar av regjeringa Støre i desember 2021

Målet for arbeidet til utvalet har vore å greie ut tiltak for å betre rettstryggleiken i alle delar av barnevernet, frå undersøkingsfasen til ettervernsfasen. Sjå utvalet sitt mandat her.

Det er utvalsleiar og professor i statsvitskap ved Universitet i Bergen, Marit Skivenes, som vil presentere rapporten og tilrådingane frå utvalet.

Tid: Måndag 20. mars kl. 13.00-14.00. Registrering frå kl. 12.30. Hugs pressekort og gyldig ID.

Stad: Auditoriet i R5, Akersgata 59.

Påmelding: Påmelding innan kl. 10.00 måndag 20. mars til førstekonsulent Tina-Victoria Strand Høgsdal: Tina-Victoria-Strand.Hogsdal@bfd.dep.no.

Strøyming:
Overrekkinga blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.