Presseinvitasjon: Fiskeri- og havminister til Sør-Korea og Japan

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss er i Sør-Korea og Japan frå 2. til 7. juni. Sivertsen Næss skal møte representantar for koreansk og japansk næringsliv, samt gjennomføre politiske samtalar for å styrkje samarbeidet med dei to landa. Ho skal mellom anna diskutere betre marknadstilgang for norsk sjømat og grøn omstilling av skipsfarten.

– Sør-Korea og Japan er viktige marknader for norsk sjømat og for norsk maritim næring. Det er viktig for meg å vere til stades for å fremje norsk næringsliv og vidareutvikle handelsrelasjonane med land som er viktige for dei norske havnæringane, seier Marianne Sivertsen Næss.

Besøket til Japan er ei oppfølging av statsminister Støre sitt besøk til Japan i desember, der det vart semje om ei felleserklæring om strategisk partnarskap og ei erklæring om tettare samarbeid om det grøne skiftet.

Besøket til Sør-Korea vil i tillegg til sjømat ha mykje fokus på maritimt samarbeid. I tillegg til møter med næringslivsaktørar, vil fiskeri- og havministeren besøkje verdas største verft, Hyundai, og opne eit eige møte om likestilling i maritim sektor.

Program:

Måndag 3. juni, Seoul, Sør-Korea

  • Politiske møte

Tysdag 4. juni, Ulsan, Sør-Korea

  • Besøk til verdas største verft, Hyundai.
  • Maritimt rundebordsmøte

Onsdag 5. juni, Seoul, Sør-Korea

  • Rundebordsmøte om likestilling i maritim sektor

Torsdag 6. juni, Tokyo, Japan

  • Besøk til fiskemarknaden
  • Rundebordsmøte om havvind og maritimt
  • Sjømatseminar arrangert av Norges sjømatråd
  • Besøk til japansk rederi (MOL)

Fredag 7. juni, Tokyo, Japan

  • Politiske møte
  • Promotering av norsk sjømat
  • Besøk på barneskole i Tokyo. Fiskeri- og havministaren spiser makrellunsj med skoleelevar