Presseinvitasjon:
Fiskeri- og havministeren til Vesterålen
Pressemelding | Dato: 08.03.2023 | Nærings- og fiskeridepartementet
Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran deltek på Skreikonferansen på Myre torsdag 9. mars. I tillegg besøker Skjæran Kystvakta og bedrifter på Stø og Sortland.
– Skal vi skape attraktive kystsamfunn, må tilgangen på fisk vere stabil og vi må foredle meir av fisken her heime. Det er fleire aktørar i Vesterålen, og langs kysten elles, som går føre. Dei finn berekraftige driftsmodellar og gode løysingar for å skape meir verdi og heilårige arbeidsplassar. Det gleder eg meg til å høyre meir om, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.
Besøker sjømatbedrifter og kystvakta
Skjæran startar programmet sitt på Skreikonferansen på Myre. Etter konferansen går turen til fiskeværet Stø, der Skjæran besøker sjømatprodusenten Gunnar Klo. Programmet fortset på Sortland, med besøk hos fiskebolleprodusenten Vesteraalens og kystvakta. Statsråden deltek òg på Vesterålen Skreifestival sin kulinariske aftan, der lokale kokker serverer smakfulle og kortreiste sjømatopplevingar.
Program
10:00
Fiskeri- og havministeren held innlegg på Skreikonferansen
Adresse: Øksneshallen, Støveien 20, Myre
12:20
Besøk hos Gunnar Klo avd. Stø
Adresse: Bårholmen, Stø
14:20
Besøk hos Vesteraalens AS
Adresse: Havnegata 17, Sortland
15:15
Besøker hos Kystvakta
Adresse: Havnegata 31, 8400 Sortland
18.30
Kulinarisk aftan på Vesterålen Skreifestival
Adresse: Øksneshallen, Støveien 20, Myre
Kontakt
Presse som ønsker å dekke besøka kan kontakte kommunikasjonsrådgjevar Emil Bremnes på e-post Emil.Bremnes@nfd.dep.no eller telefon 478 81 719