Presseinvitasjon:
Fleire norske borgarar frå Gaza landar på Gardermoen måndag kveld
Nyheit | Dato: 20.11.2023 | Helse- og omsorgsdepartementet
Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Ellen Moen Rønning-Arnesen er til stades på mottakssenteret hjå Oslo lufthavn når enda eit fly med norske borgarar som har kome ut frå Gaza landar på Gardermoen i kveld. Rønning-Arnesen er tilgjengelig for pressa frå omlag kl. 20.45.
Adresse: Utanfor porten ved mottakssenteret, GA-terminalen, Hans Gaarders vei 85.
Statssekretær Rønning-Arnesen er til stades ved mottaket av dei norske borgarane som har kome ut frå Gaza. Dette skjer utan presse til stades. Pressekontakt for Rønning-Arnesen er politisk rådgiver Per Anders Torvik Langerød, telefon 992 57 149.
Pressetelefonen i Helse- og omsorgsdepartementet: 948 49 749.