Presseinvitasjon:
Forsvarsminister Gram besøker Indre Troms
Nyheit | Dato: 21.11.2024 | Forsvarsdepartementet
Måndag 25. november besøker forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) Skjold og Bardufoss i Indre Troms. Dette er hans første besøk til Skjold, som er ein sentral base for satsingar i Forsvarsløftet.
Programmet inkluderer mellom anna:
• Omvising på Skjold leir
• Aktivitet ved Mauken-Blåtind skyte- og øvingsfelt
• Besøk til Camp Viking
Opent folkemøte
Som ein del av programmet inviterer forsvarsministeren til eit opent folkemøte:
• Tid: Kl 18.00
• Stad: Istindportalen, Bardufoss
Møtet er ope for alle, og det blir lagt opp til presentasjon og dialog med publikum. Møtet varer om lag ein time.
For pressa
Presse som ønsker å dekke besøket kontakter kommunikasjonsrådgivar Emil Bremnes på 478 81 719.