Presseinvitasjon: Godkjenning av nye prosjekt på norsk sokkel

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Olje- og energidepartementet godkjenner denne veka ei rekkje nye prosjekt på norsk sokkel. Det blir markert ved at olje- og energiminister Terje Aasland inviterer representantar frå selskap som opererer på sokkelen til departementet. Pressa er også velkommen til å delta.

Nett-tv Godkjenning av nye prosjekt på norsk sokkel

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Tid: Onsdag 28. juni kl. 09.00. Oppmøte for presse frå kl. 08.30. Ta med gyldig pressekort og ID.

Stad: Olje- og energidepartementet, Akersgata 59.

Påmelding til info@oed.dep.no innan onsdag 28. juni kl. 07.30.

Statsråden og rettshavarane vil vere tilgjengelege for å svare på spørsmål. Presse som ikkje har høve til å vere til stades på pressemøtet kan sende inn spørsmål til info@oed.dep.no med teksten «Norsk sokkel» i emnefeltet. Avsendar-adressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilansoppdrag. Me kan ikkje garantere at det blir tid til å stille alle spørsmåla på pressemøtet.

Olje- og energidepartementet legg til rette for deling av foto og video. Foto til fri bruk blir publisert på Flickr. Pressekonferansen blir filma av Sikkerheits- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.

Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Margrete Løbben Hanssen, telefon 92 85 78 91, e-post: mlh@oed.dep.no.