Presseinvitasjon:
Helse- og omsorgsminister Vestre besøker Lambertseterhjemmet og legevakta i Oslo
Nyheit | Dato: 29.04.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet
Tysdag 30. april møter helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre tilsette, tillitsvalde og brukarar ved Lambertseterhjemmet i Oslo. Statsråden besøker også legevakta i Oslo ved Aker sjukehus.
Program
11.15-12.00: Besøk ved Lambertseterhjemmet
Lambertseterhjemmet er ein ny og moderne sjukeheim i Oslo kommune. Vestre besøker Lambertseterhjemmet for å møte tilsette, tillitsvalde og brukarar. Statsråden vil mellom anna få høyre meir om sjukeheimen si satsing på å drifte med berre heile stillingar.
12.15-13.00: Besøk ved legevakta i Oslo
Vestre besøker Oslo storbylegevakt som blei opna i haust. Statsråden vil få ei omvising på både skadelegevakta, som blir drifta av Oslo universitetssjukehus, og allmennlegevakta, som blir drifta av Oslo kommune.
Pressa er velkommen til å delta og statsråden er tilgjengeleg for intervju.
Journalistar som ønsker å vere med må kontakte kommunikasjonssjef Susanne Moen Stephansen, telefon 480 32 792.