Presseinvitasjon:
Helse- og omsorgsminister Vestre besøker Skien og Porsgrunn 24. juni
Nyheit | Dato: 20.06.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet
Oppfølging av Ventetidsløftet, vellykka rekruttering av fastlegar og gode samhandlingsløysingar står på dagsorden når helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre besøker Skien og Porsgrunn måndag 24. juni.
Program
09.00–10.15: Sjukehuset Telemark, avdeling Skien
Omvising og møte med helsefagarbeidarar på akuttmottaket, møte ambulant palliativt team og besøk på øre/nese/hals med roboten Henriksen og digital avstandsoppfølging med Airview. Etterpå får Vestre ei oppdatering om korleis sjukehuset jobbar med å følge opp Ventetidsløftet.
Adresse: Ulefossvegen 55, Skien
10.15–10.35: Møte med Sykehusets Venner Skien
Adresse: Samme som over
10.35–11.15: Lunsj med Fagforbundet
Adresse: Samme som over
11.30–12.15: Kverndalen legesenter
Omvising på det nye senteret som opnar for pasientar 19. august. Skien har lykkast med rekruttering av fastlegar og vil fortellje Vestre kva dei har gjort for å få det til og kva dei trur er dei viktigaste tiltaka fremover.
Adresse: Kongensgate 31, Skien
12.30–13.15: Heimetenesten i Porsgrunn og Vanntårnet omsorgsboliger
«Telemarksprosjektet» er eit samhandlingsprosjekt mellom Sjukehuset Telemark og kommunane i fylket, der målet er å ha ein god pasientflyt i heile akuttkjeden. Den kompetansen heimesjukepleien i Porsgrunn har tileigna seg i prosjektet bidrar til god omsorg og behandling til dei heimebuande pasientane. Omvising på Vanntårnet omsorgsboliger og sansehage.
Adresse: Jønholt Terasse 30, Porsgrunn
13.15–13.45: Heimebesøk hjå pasient for å få demonstrert samhandling i praksis
Adresse oppdateres
14.00–14.45: Besøk hjå DNV Imatis
Digitale samhandlingslysingar med sanntidsdata spesielt utvikla for og i samarbeid med helsesektoren. Fleire sjukehus bruker deira løysingar for internlogistikk og pasientflyt.
Adresse: Storgata 159, Porsgrunn
Pressa er velkomen til å delta. Journalistar som ønsker å vere med, kan melde si interesse til kommunikasjonsrådgjevar Anne Kathrine Aambø på mobil 412 93 018 eller epost akaa@hod.dep.no.