Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsministeren besøker Larvik, Sandefjord og Tønsberg 20. juni

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre skal sjå nærmare på korleis Larvik kommune har lukkast med å ta i bruk velferdsteknologi, korleis Sandefjord kommune har fått bukt med vikarbruken i allmennlegetenesten, og hjå Sjukehuset i Vestfold i Tønsberg får han høyre kva dei har gjort for å redusere ventetidene innan eteforstyrringar og dialyse.

Program

11.10–11.55: Larvik Helsehus, avdeling Byskogen. Der får han høyre om korleis Larvik kommune har lukkast med å ta i bruk velferdsteknologi, og kva har dette å seie for ventetider i omsorgstenestene. Vestre får også ei omvising og høve til å møte bebuarar for å lære om deira erfaringar. 
Adresse: Byskogveien 5, 3257 Larvik

12.05–12.45: Larvik ambulansestasjon. Vestre får ei omvising og ein presentasjon av stasjonen, kor han får sjå breidda av det ambulansestasjonen tilbyr frå anestesibemanna legebilar til sjuketransport.
Adresse: Elveveien 44, 3262 Larvik

13.05–13.50: Sandefjord Medisinske Senter og Sandefjord Helsepark. Sandefjord kommune har greidd å få bukt med vikarbruken. Vestre får høyre kva dei har gjort i Sandefjord for å få til dette. Han får ei omvising og høve til å møte ein pasient.
Adresse: Sikringssalveien 26, 3208 Sandefjord

14.20–16.00: Sjukehuset i Vestfold, Tønsberg. Statsråden får ein presentasjon av korleis Sjukehuset i Vestfold jobber med å redusere ventetider. Sjukehuset har særleg gode resultat å vise til innan dialyse, kor fleire pasientar gjennomfører dialyse i heimen i staden for på sjukehuset. Vestre får også høyre korleis sjukehuset har lukkast med ambulante team innan eteforstyrringar, og korleis e-behandling i vaksenpsykiatrien har bidratt til å redusere ventetider.
Adresse: Halfdan Wilhelmsens allé 17, 3116 Tønsberg

16.10–16.50: Psykisk lågterskeltilbodet UngArena+. UngArena+ er eit integrert psykisk helsetilbod mellom den kommunale helsetenesten og spesialisthelsetenesten. Her er ungdom velkomen til å ta opp det dei har på hjartet – små og store spørsmål om livet og utfordringar ein møter på. Tenesten kan bidra til at færre må tilvisast til psykiske helsetilbod i spesialisthelsetenesten og slik bidra til reduserte ventetider.
Adresse: Prestegaten 3, 3110 Tønsberg

Pressa er velkomen til å delta. Journalistar som ønsker å vere med, kan melde si interesse til kommunikasjonsrådgjevar Daniel Drageset på mobil 994 14 051 eller epost dadr@hod.dep.no.