Presseinvitasjon:

Innspelsmøte om aldersgrense på sosiale medium

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) inviterer forskarar, organisasjonar og andre aktørar for å få innspel til arbeidet med å vurdere ei aldersgrense for sosiale medium.

Tid: Torsdag 16. mai kl. 09:30 – 12:00

Stad: Trekanten, Pilestredet 24, 0165 Oslo

Regjeringa har nyleg varsla at dei vil vurdere å innføre ei aldersgrense for sosiale medium, og vurderer no korleis dette kan gjerast. Bakgrunnen er bekymring over at så mange unge barn brukar sosiale medium, før dei er gamle nok til å forstå konsekvensane av det dei gjer og det innhaldet dei møter der. Ministrane er også uroa over den totale skjermbruken blant barn og unge, og kva konsekvensar det har for læring i skulen og barns psykiske helse.

I vurderinga regjeringa skal gjere er det viktig å få belyst saka frå ulike sider for å vurdere dei ulike fordelane og ulempene med ei aldersgrense.

Program:

09:30 Registrering og kaffi 

10:00 Velkommen ved barne- og familieministeren og kunnskapsministeren

10:05 Innleiingar frå forskarar på feltet

10:45 Innspelsrunde

Forskarar som vil halde innlegg:

Steinar Krokstad, professor i sosialmedisin ved HUNT, NTNU, «Endringar i psykisk helse i befolkninga, konsekvensar, årsaker og relevante folkehelsetiltak».

Silje Steinsbekk, professor ved institutt for psykologi, NTNU, «Er sosial mediebruk skadeleg? Kva seier forskinga?»

 Elisabeth Staksrud, professor ved institutt for medium og kommunikasjon, UiO

 Tobias Dahl, statistikar og forskar ved Sintef og UiO, «Sosiale medium for barn er ein ukjend risikofaktor».

 Jens Christoffer Skogen, psykolog og seniorforskar ved FHI, «Sosiale medium som sosial arena og faresone».

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet vil vere representert ved mellom anna statssekretær Tomas Norvoll (Ap), og frå kultur- og likestillingsdepartementet kjem statssekretær Erlend Kaldestad Hanstveit (Ap).

Presse som ønskjer å dekke møtet kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar Amalie Knudsen på e-post: Amalie-fosse.knudsen@bfd.dep.no eller telefonnummer: +47 926 66 262.