Presseinvitasjon: Kompetansereformutvalet legg fram utgreiing om læring i arbeidslivet

Korleis skal Noreg lykkast med livslang læring i arbeidslivet? Tysdag 14. januar overleverer Kompetansereformutvalet sluttrapporten sin til regjeringa – «NOU 2025:01 Felles ansvar, felles gevinst - Partssamarbeid for kompetanseutvikling i arbeidslivet».

Nett-tv Sending

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Utvalet, som består av partane i arbeidslivet, har sidan hausten 2023 greidd ut korleis dei kan samarbeide om å tilby kompetanseutvikling for dei tilsette.

Tid: Klokka 11:00 - 12:00

Stad: Kirkegata 18, Kunnskapsdepartementet  

Leiar av utvalet, Dag Terje Andersen, vil innleie og overlevere rapporten til forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Det blir høve til separate intervju for pressa.

Journalistar bør melde seg på og møte opp før kl. 10.50. Hugs gyldig ID (førarkort, pass eller nasjonalt ID-kort). Påmelding eller spørsmål kan sendast til kommunikasjonsrådgjevar Anneline Svensen anneline.svensen@kd.dep.no.

Strøyming

Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønsker å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn innbyggingskode ved å trykke «Del video»-knappen i videospelaren på sida.