Presseinvitasjon: Kontaktkonferansen for forsking og høgare utdanning
Pressemelding | Dato: 16.01.2025 | Kunnskapsdepartementet
Tysdag 21. januar 2025 inviterer statsråd Oddmund Hoel til den årlege Kontaktkonferansen for forsking og høgare utdanning.
Kontaktkonferansen 2025
Sjå sendinga her
Her møter statsråden leiarar ved universiteta, høgskulane og forskingsinstitutta for å diskutere utviklinga av forsking og høgare utdanning i Noreg.
Vi står overfor store, akselererande samfunnsutfordringar. Vi står midt i eit gjennomgripande teknologiskifte. Vi står i ein ny geopolitisk situasjon. Vi manglar kompetanse og folk innan kritiske yrke. Samstundes skal Noreg gjennom den største omstillinga av økonomien i moderne tid. Korleis kan forsking og høgare utdanning ruste Noreg til å møte desse utfordringane?
For pressa
Det blir moglegheiter for intervju. Journalistar bør melde seg på. Hugs gyldig ID (førarkort, pass eller nasjonalt ID-kort). Påmelding eller spørsmål kan sendast til kommunikasjonsrådgjevar Anneline Svensen anneline.svensen@kd.dep.no.
Strøyming
Arrangementet blir filma av Digitaliseringsorganisasjonen til departementa (DIO) og kan følgast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønsker å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn innbyggingskode ved å trykke «Del video»-knappen i videospelaren på sida.