Presseinvitasjon:
Kultur- og likestillingsministeren tek imot utgreiing om tredje juridisk kjønnskategori
Pressemelding | Nr: 38/23 | Dato: 20.06.2023 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Torsdag 22. juni mottek kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen ei utgreiing om tredje juridisk kjønnskategori frå Bufdir.
Overlevering av utgreiing om tredje juridisk kjønnskategori
Sjå sendinga her
Tid: 22. juni kl. 09:00-10:15.
Stad: Auditoriet i R5, Akersgata 59
Påmelding: Vi ber alle frå presse om å melde seg på med namn og telefonnummer til kudinfo@kud.dep.no innan 22. juni kl. 08:00. Husk gyldig legitimasjon (pass, nasjonalt ID-kort eller fysisk førarkort).
Statsråden og direktøren i Bufdir, Hege Nilssen, vil vere tilgjengelege for intervju.
Overrekkinga blir strøymd og kan følgjast direkte på denne sida.
Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.